Ordføreren på Voss kuttet snoren og åpnet dermed den nye seksseters stolheisen i Myrkdalen. SE BILLEDSERIE!
Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs.com)
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Ordførar Hans-Erik Ringkjøb opna Storhaugsekspressen ved å kutta den raude snora med ei ski, så tok han heisen til topps, og sette utfor.
- Dette har vorte eit fantastisk anlegg, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb etter å ha testa dei nye løypene.
På opninga var også osingane representert. Erik Valden, Tore Svendal og Jan Erik Olsvold var blant dei fyrste som fikk kjøra den nye heisen.
- Denne heisen opnar opp for mykje morro i Myrkdalen framover. Kjekt å få prøva nokre nye løyper var det også, seier dei tre.
Storhaugsekspressen gjev nær ei dobling av kapasiteten i anlegget. Det går unna i Myrkdalen, i dobbel forstand. Den 1,7 kilometer lange stolheisen Storhaugsekspressen, vil gje anlegget ei rekkje nye løyper. Med ein kapasitet på 2600 skigjester i timen vil heisen nær dobla kapasiteten i anlegget. Kapasitetsutvidinga kjem godt med, i ein skisesong som så langt har slått alle rekordar.
Har auka 30 prosent sidan i fjor
- Stadig fleire legg turen til Myrkdalen for å stå på ski. Trafikken i desember og januar har auka 30 prosent samanlikna med fjoråret. Den nye heisen vil hjelpa på kø-tendensane me har opplevd, og samtidig opna store, spennande skiområde for gjestene våre, seier marknadsdirektør Kaia Finne.
Finne trur den nye heisen vil bidra til at Vestlandet posisjonerer seg endå betre, både i den norske og internasjonale vintersportsmarknaden.
- Det er ein stor dag for Myrkdalen Fjellandsby – og me ynskjer alle hjarteleg velkomne til Myrkdalen, seier Kaia Finne.
Fakta om heisen:
• Sekssetars ekspressheis
• Lokal entreprenør er Taubane Teknikk AS
• Produsent og leverandør av heisen er Leitner Ropeways
• Kapasitet er rundt 2600 skigjester i timen
• Heisen er 1,7 kilometer lang og forserar 440 høgdemeter
• Toppstasjon på Storhaugen 950 moh
• Vintersesongen 2013/2014 vert det 4 nye løyper i tilknyting til heisen: ei svart, ei raud og 2 blå.
• Heisen opnar store nye frikøyringsområde for anlegget











