
Byggebransjen og oppsamlar av granulat.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!
Tirsdag og torsdag delte ordførar Trine Lindborg ut Miljøfyrtårn til verksemder i Bjørnafjorden.
Tirsdag var det Banefilter AS som fekk beviset på at dei er sertifisert som Miljøfyrtårn.
– Ei spennande og nyskapande verksemd som vi er stolte av å ha i kommunen vår, seier ordføraren.
Lepsøy-bedrifta Banefilter AS leverer produkt som samlar opp gummigranulat frå kunstgrasbanar, slik at det ikkje hamnar i naturen. Selskapet har nettopp signert avtale med Bergen kommune om levering til 39 spelarstasjonar og utkøyringssluser. Les meir på Banefilter sine nettsider.
Torsdag var det Os Bygg AS og Bjørn Døsen AS som fekk bevisa på at dei er sertifisert som Miljøfyrtårn.
– Byggebransjen er ei svært viktig næring for kommunen vår, og det er veldig kjekt å sjå korleis dei tar aktive og gode grep ved å bli miljøsertifisert. Veldig flott å besøke Os Bygg AS og Bjørn Døsen AS i dag og få overrekt det synlege beviset på det viktige valet dei har tatt ved å gjennomføre denne sertifiseringa, seier Lindborg.