Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11224

Søk om kulturmidlar og stipend

$
0
0
Foto: Jan Petter Svendal

Målet med stipendordninga er å stimulere og inspirere til kreativitet, talentutvikling og kulturelt mangfald på heile kultur- og idrettsfeltet.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Både lag og organisasjonar og unge kultur- og idrettsutøvarar kan søkje om støtte innan 1. april.

– Kulturmidlar er tilskot til dagleg drift av eit lag eller organisasjon. Målet med ordninga er å stimulere til aktivitet innan kulturområdet. 

Bjørnafjorden kommune kan gi tilskot til drift innan idrett og friluftsliv, kunstnarleg utfalding og generelt kulturarbeid.

Les meir og søk om kulturmidlar

Du som er mellom 16 og 29 år kan søkje om kulturstipend
Bjørnafjorden kommune lyser ut to kulturstipend à kroner 20 000,- 

– Unge mellom 16 og 29 år kan søkje om stipend. Målet med stipendordninga er å stimulere og inspirere til kreativitet, talentutvikling og kulturelt mangfald på heile kultur- og idrettsfeltet. 

Du må grunngi godt korleis stipendet kan bidra til å utvikle talent og evner. Stipend skal ikkje gå til å dekke kostnader med formell utdanning, men kan gå til opplæring og kompetanseheving.

Les meir og søk om kulturstipend

Søknadsfrist for kulturmidlar og kulturstipend er 1. april 2023.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 11224