Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11311

Innfører ekstraordinært forbod mot bruk av eld utandørs

$
0
0
Foto: Jan Petter Svendal

Forbodet gjeld også sankthansbål.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!

I Bjørnafjorden kommune blir det frå og med i dag 16. juni klokka 12 innført eit ekstraordinært forbod mot bruk av eld utandørs.

No vil det ikkje vere lov å tenne eld eller grille i offentleg tilgjengelege parkar og friluftsområde, på tilrettelagde badeplassar eller på kommunane sine tilrettelagde bål- og grillplassar. Forbodet gjeld også sankthansbål.

Frå før av gjeld det generelle bålforbodet i eller nær skog og annan utmark i perioden 15. april til 15. september. Både det generelle og det ekstraordinære forbodet omfattar alle typar grillar, stormkjøkken, bål, engangsgrillar og bålpanner, for å nemne noko.

Svært stor brannfare i det tørre terrenget
Bakgrunnen for innføringa av denne lokale forskrifta er den svært store brannfaren i terrenget i Vestland fylke. Det fine vêret har ført til at det er svært tørt i fleire område i regionen, på same vis som store delar av Sør-Noreg elles.

– Den siste veka har brannvesenet rykka ut til fleire gras- og lyngbrannar i Vestland. Så seint som onsdag 14. juni hadde vi ein krevjande brann i terrenget i Samnanger kommune, og dette viser tydeleg kor kritisk situasjonen er no. Difor ser vi oss nøydde til å innføre strengare restriksjonar, seier brannsjef Espen Storum.

Varigheit
Den midlertidige forskrifta varer frå og med 16. juni kl. 12.00 og til og med 30. juni. Dersom brannfaren blir vesentleg redusert i løpet av denne perioden, vil det vurderast å oppheve forskrifta tidlegare. Ein oppheving vil varslast på same måte som innføringa av forbodet.

Ved oppheving av det ekstraordinære forbodet vil det generelle bålforbodet framleis gjelde. Dette forbodet gjeld kvart år frå 15. april til 15. september i heile landet, og forbyr som ein hovudregel å tenne eld i eller nær skog og annan utmark.

I kva område gjeld det ekstraordinære forbodet?
Forbodet gjeld offentleg tilgjengelege parkar og friluftsområde, tilrettelagde badeplassar og kommunane sine tilrettelagde bål- og grillplassar.

Ingen sankthansbål
Forbodet inneber at det ikkje er lov med sankthansbål i år.

Verksemder må vurdere brannrisiko
Vi ber verksemder, som driv med til dømes skogbruk, linjearbeid under straum og tele, kantklipping av veinettet, slynging av jernbanelinjer og liknande, om å vurdere brannrisikoen og etablere tiltak for å redusere risikoen til eit akseptabelt nivå.

Lov å grille i eigen hage
Det er framleis lov å grille i eigen hage. Alle som bur og oppheld seg i Bjørnafjorden må likevel vere aktsame med bruk av grillar og anna som kan forårsake brann, også på privat grunn, særleg på balkongar, terrassar og i hagar. Det kan også grilles på større asfalterte eller gruslagde område, som skolegårdar, parkeringsplassar og idrettsbaner, så lenge desse ikkje ligg nær brennbart vegetasjon. Som alltid er det individets plikt å vise aktsomheit ved gjennomføring av aktivitetar som kan føre til brann.

Håpar innbyggjarane vil hjelpe
– I desse dagane er det så tørt at all bruk av eld utandørs representerer ein brannfare. Vi håpar og trur at innbyggjarane vil hjelpe oss med å førebyggje brannar, uttalar brannsjef Espen Storum.

Foto: Bjørnafjorden brann og redning

Viewing all articles
Browse latest Browse all 11311

Trending Articles


Nissepar fra Arne Hasle


GAMLE PJOLTERGLASS - 15 cm. - HADELAND -


Gjøglere på terrassen


Av: Jotun LADY


DrugExpert Cup V Multi 6 narkotikatest 1 stk


Eiendommer solgt i juli


En hustavle av Arnulf Øverland - Denor keramikk


Lurer dama til å svelge sæd


Fartssperre polaris ranger 570 eps


Ledig rom i tomannskollektiv! (30.07.15)