Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11425

Dette var ikkje greit

$
0
0
Foto: Statens vegvesen

Statens vegvesen reagerte på ei rekke ting under kontroll ved E39.

Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook!

Mandag hadde Statens vegvesen kontroll i Endelausmarka og Svegatjørn med 60 tunge og 11 lette kjøretøy innom kontrollplass.

– Me starta kontrollen i endelausmarka, og flytta oss deretter vidare til Svegatjørn kontrollplass. Totalt var ca 60 tunge, i tillegg til nokre lette, køyretøy innom kontrollen med fyljande resultat:

– Eit bruksforbod og anmeldelse for køyring med heilt usikra last. Det var her snakk om to betongblokker som kvar vog ca. 480 kg og ei hoppetusse med ei oppggitt vekt på 477kg som stod usikra heilt bak i «dumperkassen». Lastsikringskravet (80% av vekta skal sikrast framover) er akkurat det same uavhengig av kva type lastebil som vert nytta til transporten (bilete).

– Fem tekniske mangellappar, i hovudsak for manglar med lys

– Eit bruksforbod for manglande bremselys på tilhengar

– Eit bruksforbod for sikthindrandes gjenstand på/ved frontruta

– Eit bruksforbod/pålegg om korrekt merking av spesialtransport

– Fire skriftlege advarslar for brot på køyre og kviletid

– Eit vognkortgebyr


Viewing all articles
Browse latest Browse all 11425