
Bjørnafjorden kommune ønskjer å presisere at det ekstraordinære bålforbodet framleis gjeld i kommunen.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!
Sjølv om skogbrannfareindeksen har gått ned etter nokre dagar med litt nedbør, er det forventa at den vil auke fram mot søndag.
– Vi har tatt omsyn til ei rekke faktorar i vår vurdering, mellom anna nedbørsmengder, skogbrannfareindeks, topografi og beredskap både internt og i regionen. Kombinert med sankthansfeiringa og dei lange båltradisjonane i kommunen, er risikoen for skogbrann framleis stor og aukande mot slutten av helga. Desse faktorane har bidrege til å gi oss eit bilete av den noverande situasjonen og har vegd tungt i avgjerda om å oppretthalda det ekstraordinære forbodet, seier brannsjef i Bjørnafjorden brann og redniong, Espen Storum.
Andre kommunar har opplevd styrtregn og større mengder nedbør. Dette har ikkje Bjørnafjorden hatt.
I Bergen, Osterøy, Vaksdal og Samnanger kommuner, opphevar dei det ektraordinære forbudet. Opphevelsen trer i kraft fredag 23. juni klokka 12, og det er då også lov å tenne sankthansbål.
– Vi har hatt gode faglege diskusjonar med andre brannvesen i regionen, og vi respekterer at ulike lokale forhold fører til ulike tiltak. Dette kan vere frustrerande, men det er viktig å forstå at vi må ta omsyn til våre eigne lokale forhold. Etter ein samla vurdering har vi derfor kome fram til at det gjeldande forbodet framleis skal vere i kraft inntil vidare. Vi følgjer nøye med på utviklinga og vil kome med meir informasjon så snart situasjonen endrar seg.
Det ekstraordinære forbodet vil halde fram til 30. juni eller til det blir oppheva.
– Vi ønskjer å takke innbyggjarane i Bjørnafjorden for deira forståing og samarbeid i denne perioden med ekstraordinære restriksjonar. Vi oppmodar alle til framleis å vere merksame og ta nødvendige førebyggjande tiltak for å unngå brannar. Brannsikkerheit er eit felles ansvar, og saman kan vi oppretthalde trygge omgjevnader for alle, seier Storum.