Os Musikkforening får besøk av både Dragefjellets Musikkorps og flere andre korps på konserten i Oseana.
NM for janitsjarkorps, som kvart år går av stabelen i Trondheim, er det største korpsarrangementet i landet. I år er det 24. gangen NM vert arrangert. Helga 4 – 5. april kjem det 109 korps med om lag 5000 musikantar til byen for å spele og høyre på kvarandre.
Som ein generalprøve til dette, inviterer Os Musikkforening til konsert i Oseanasalen førstkomande tysdag kveld. Vi er stolte over å få besøk av Dragefjellets Musikkorps som er fleire gonger norgesmeistrar og såleis eit av landets beste janitsjarkorps. I tillegg får vi besøk av gode musikkvener i Fana Musikklag og Alvøens Musikkforening. Og dette blir siste konserten for korpsa før vi alle reiser til Trondheim berre få dagar etter!
Medan Dragefjellet, Alvøen og Fana har reist til NM kvart år, er Os Musikkforening nærmast for «aspirant» å rekna. Vi stilte i fjor, men då var det heile 27 år sidan førre gong! Sist gong, i 1986, vann Os Musikkforening den øvste divisjonen. Så vart det behov for ein pause, og den pausen vart skikkeleg lang. I fjor hadde vi mange unge frå skulekorpset med oss, og dei synst det var spennande å få reise for å delta i eit NM. Så vi kvalifiserte oss for 3. divisjon, og bestemte oss for å delta. Og sanneleg gav det meirsmak!
Det vert tevla i åtte divisjonar. Fana Musikklag stiller i 4. divisjon med dirigent Bjarte Riseng. Os Musikkforening deltek i 3. divisjon med vår nye dirigent Per-Lorentz Milotzki. Alvøens Musikkforening stiller i 1. divisjon og dirigenten deira heiter Bengt Florvåg, medan Dragefjellets musikkorps altså stiller i elitedivisjonen, og har fått med seg ein av Norges beste dirigentar, Peter Szilvay.
Vi trur det vert ein flott konsert!
Ta med vener og kom! Velkommen!
Arrangør: Os Musikkforening
Konsertdato: Tysdag 1. april
Tid Kl.1900
Billettpris: Vaksne kr. 180, Honnør kr. 160,- Born Gratis
Billettar vert berre å få kjøpt i døra. Hugs kontantar.
