
Ber om at staten ved kulturdepartementet tek ansvar for å redda nasjonalskatten.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!
Bjørnafjorden kommune ved kutursjef Erik Vangsnes og ordførar Trine Lindborg har sterk uro for framtida til Ole Bulls villa på Lysøen, og har difor henvendt seg til kulturdepartementet ved kulturministar Lubna Jaffery.
Ole Bull sin unike komponistheim på Lysøya er 150 år i 2023, men det blir ingen jubileumsfest.
– Bygget er stengt ned, og det rår uvisse om framtida. Bjørnafjorden kommune ser med stor uro på situasjonen, og ber om at staten ved kulturdepartementet tek ansvar for å redda nasjonalskatten. Villa Lysøen for ettertida, skriv dei eit brev til kulturministaren..
Villaen, som har vore museum sidan 1974, blei stengt for ei omfattande restaurering våren 2021. Med ei løyving frå staten på 39,5 millionar kroner herska det optimisme. Etter tre sesongar utan drift
manglar prosjektet framleis fullfinansiering. Den endelege prislappen kan bli på over 150 millionar kroner.
– Som vertskommune ser vi med stor uro på at museet er stengt på ubestemt tid. Det er særs uheldig for ivaretakinga av bygget at naudsynt restaureringsarbeid er sett på vent. Lysøen er ein unik kultur- og turistattraksjon i regionen. For museumsdrifta og aktiviteten på eigedomen er det også særs negativt at villaen er stengt over lang tid.
Bjørnafjorden kommune har vore aktivt støttande som vertskapskommune over mange år og har bidrege også denne gongen.
Korkje Fortidsminneforeningen som eigar eller Kode som driftsorganisasjon er i stand til å ta dette løftet utan at staten er tungt inne.
– Bjørnafjorden kommune ber innstendig om at det kjem ei øyremerka løyving i statsbudsjettet for 2024 som kan sikra framdrifta i restaureringsarbeidet, og ei framtid for Ole Bulls «lille Alhambra», avsluttar ordførar og kultursjef i brevet til kulturministeren.
Nasjonal kulturskatt
Ole Bull (1810-1880) var fiolinvirtuos, internasjonal superstjerne, og ein ruvande personlegdom i 1800-talets Noreg. Han spelte ei stor rolle i bygginga av ein norsk nasjonal identitet og Noreg som sjølvstendig nasjon. Museet på Lysøen er ein unik arena for å formidla denne sentrale perioden i norsk historie. Villaen på Lysøen er ein eineståande nasjonal kulturskatt og eit høgdepunkt i historismens arkitektur i Noreg.