Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11360

Et verdig liv i alderdommen

$
0
0

Stein Husebø«Verdighet, mestring og muligheter» er tema på det siste Seniortreffet i vår. Overlege Stein Husebø (bildet) holder foredrag. Musikk blir det og.

Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs.com)

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Mandag 28. april er det klart for det siste Seniortreffet i Oseana før sommeren. De tidligere treffene har trukket fulle hus, noe som også forventes denne gang.

Det er mogleg å kjøpa billettar på nett, på billettservice.no, eller i Oseana sin resepsjon gjennom heile påska. Våre opningstider i påska er kl 13:00-17:00 kvar dag frå 14. til 21. april, melder Oseana i ein pressemelding

«Verdighet, mestring og muligheter» er tema på foredraget som overlege Stein Husebø skal holde.

Stein Husebø er lege og leiar for «Verdighetssenteret – Omsorg for alle» i Bergen. Verdigheitsenteret er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider for å sikra dei svakaste og sårbare gamle ein verdig alderdom. Senteret driv kompetanseutvikling, opinionsdanning og gjev opplæring og informasjon.

Stein Husebø er ein anerkjent og ettertrakta forelesar i inn- og utland, og som skribent, forfattar og debattant. Han er kjent for sitt sterke engasjement for ein verdig alderdom, smertebehandling og omsorg ved livets slutt. Han er flink til å engasjera og å provosera om livets spørsmål.

Stein Husebø vil i foredraget sitt koma inn på mange spørsmål: Kva er verdigheit? Kva betyr verdigheit for den enkelte? Korleis endrar forholdet vårt seg til verdigheit gjennom livet, ved aldring, nedsett funksjonsevne, sjukdom og sorg? Korleis kan vi førebyggja ufrivillig einsemd og behalda gleda, gløden og kjærleiken heile livet? Korleis kan vi lukkast med livet vårt?

Stein Husebø er kjent for foredrag med alvor og humor som skapar både latter og ettertanke.

HansMariusAndersenKonsert
Etter foredraget vil det bli kaffi og kake, før vi går inn i salen att, til konsert med Hans Marius Andersen Septett.

Hans Marius Andersen (Født 23/12 1994) er ein internasjonal trompetist og komponist, som er like heime innan både jazz og klassisk musikk.

Hans Marius begynte å spele trompet allereie tre år gamal. Som femåring begynte han i det lokale skulekorpset og fem år seinare avanserte han til det lokale brass bandet. I åra etter har Hans Marius utvikla seg til å bli ein solist i verdsklasse.

Andersen er hovudsakeleg aktiv innan jazz og klassisk musikk. Han beherskar tekniske virtuose stykke samt rolege musikalske stykke og trompetkonsertar.

Han tar/har tatt timar hos blant anna Arnulf Naur Nilsen, Helge Haukås, Stian Eilertsen, Eyolf Dale, Erik Halvorsen og Are Ovesen.

Andersen har samarbeida med kjende artistar i mange sjangrar, som Sissel Kyrkjebø, Håkan Hardenberger,  Tord Gustavsen, Øyvind «Elg» Elgenes, Mike Gallaher og vært solist med bla. Bergen Filharmoniske Orkester, Kringkastningsorkesteret og Forsvarets musikkorps Vestlandet ved fleire anledningar.

Allereie som 15-åring, Jula 2010 slapp han sin første plate kalla «My christmas».

Plata er et jazz/easy listning-album, med ein behageleg julero over seg.

Hausten 2012 ble Hans Marius Andersen Kvartett starta, og bandet har etter kvart utvikla seg til endå fleire medlemmar.

Med seg til Oseana har Hans Marius 6 musikarar dette er:

Michael Barnes – Klarinett

Sindre Dalhaug – Trombone

Kristian Wedberg – Piano

Arild Seim – Banjo

Peter Sæverud – Bass

Tore Ljøkelsøy – Trommer

Musikken de skal spele for oss er New Orleans/Dixieland Jazz fra blant anna Louis Armstrong og Jelly «Roll» Morton.



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11360