Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11350

Må kutta 160 millionar

$
0
0

Kommunedirektøren vil kutta på førebygging til unge, tenker at eldre skal klara seg meir sjølv, bruka mindre på veglys og brøyting, og legga ned skular.

Jan Petter Svendal NyttiOs.no på Facebook

På ettermiddagens kommunestyremøte presenterte kommunedirektør Christian. F. Fotland sitt forslag til budsjett for politikarane, og det er tøffe endringar i hans forslag.

Kommunen må kutta med nærmare 160 millionar, og for å få dette til foreslår kommunedirektøren å kutta på førebygging til unge, bruka mindre på brøyting og veglys, legga ned skular, legga ned legevakta i Eikelandsosen og bruka mindre på å leige lokaler til kommunen.

Her er kommunedirektøren si innleiing (oppsummering av budsjettet)

Sjølv om det er eit tøft budsjett eg legg fram, så er det eit budsjett med realisme. Rammene på sektorane er tronge, men realistiske. Men det fordrar at vi klarer å gjennomføre dei tiltaka som ligg i budsjettforslaget. Dei vil smerte, og vi må slutte med ting, men det er mogleg. Vi må byrje å gjere ting på nye måtar. Det har vi vist at vi klarer. Eit døme på det er den omstillinga vi har gjort på administrasjon og leiing dei siste åra kor vi har kutta til saman om lag 29 årsverk. I dei siste Kostra-tala som viser tala for 2022 så bruker vi 3. minst i heile landet. Samanliknar vi oss med dei andre kommunane i kostragruppe 9, så bruker vi om lag 34,8 millionar kroner mindre enn gjennomsnittet på administrasjon, styring og fellesutgifter. Dette meiner eg er eit prov på at det nyttar. Det er tøft, men det nyttar.

I september var eg, saman med fleire frå administrasjonen, rundt på folkemøta – eller innspelsmøta, som er meir passande for kva møta var – i dei lokalsamfunna som har skuler som PwC peikte på i sin rapport over moglege innsparingstiltak. På dei møta var det tydelege forventingar til kommunen om at vi måtte sjå etter inntekter og ikkje berre kutte kostnader. 

Lokalsamfunn i vekst
Eitt av områda som gjekk att frå lokalsamfunn til lokalsamfunn var vekst. At kommunen måtte legga til rette for at folk, og særleg unge som hadde vore ute for å studere og funne seg ein kjæraste, skulle kunne flytta tilbake til det lokalsamfunnet som dei sjølv hadde vakse opp i. Dette blei etterlyst frå dei unge sjølv, og dette må vi ta på alvor. 

Arbeidet med kommuneplanen sin arealdel for heile Bjørnafjorden kommune skal snart ta til. Då må vi sikre at vi har areal for å skape gode buområde i alle lokalsamfunna rundt i Bjørnafjorden. Vi som kommune kan legge til rette for dette gjennom godt planarbeid, men det er lokalsamfunna sjølv – utbyggjarar og innbyggarar som må gjere den faktiske jobben, med å framsnakke lokalsamfunnet, ta initiativ og i ein del tilfelle investera i infrastruktur og tilrettelegging for nye naboar.

Fleire etableringar – auka skatteinngang
Næringslivet står i store utfordringar med høge kostnader og lågare investeringsvilje som følgje av ein strammare finansmarknad. Diverre har vi sett lokale verksemder som ikkje lenger finn det forsvarleg å halde fram og som har måtte legga inn årene. Samstundes opplever vi stor interesse og ønskje om å etablere seg i dei to store næringsområda våre i Lyseparken og på Samnøy. Bolaks si etablering med eit framtidsretta oppdrettsanlegg med tilhøyrande planar om biogassanlegg på land på Samnøy gir tru på framtida. Det same gjer dei etableringane som vi ser kjem i Lyseparken. 

Desse etableringane vil vere med på å gi vekst i Bjørnafjorden, med nye arbeidsplassar og eit godt grunnlag for å bu og leva i Bjørnafjorden. For kommunen er dette viktige etableringar som vil gi oss høgre skatteinntekter. Men det tek nødvendigvis tid å etablere verksemdene og før dei tilsette også etablerer seg i kommunen vår, slik at vi får desse inntektene. Forsking viser at det er ein statistisk samanheng mellom næringsetableringar og busetting på 0,6. Altså at for kvar tiande arbeidsplass får vi seks nye innbyggarar.

Noko av veksten vi trur kjem, kan vi kortsiktig dekka opp for gjennom bruk av oppsparte middel. Men vi har ikkje så mykje pengar på bok at vi ikkje treng å kutte kostnadane ytterlegare. Veksten blir ikkje stor nok til det. I mellomtida må vi sjå på korleis vi kan redusere kostnadane våre på kort sikt.

Må kutta 150 millionar til
Gjennom Bjørnafjorden 22 og oppfølging av PwC-rapportane har vi allereie redusert driftskostnadane våre med om lag 120 millionar kroner, men vi treng å finna opp mot 150 millionar til for å få ein berekraftig økonomi i kommunen. Difor må vi gjennom smertefulle kutt. Det er ikkje med lett hjarta vi legg fram desse kutta, fordi vi veit at det råker tenestene våre. Men vi meiner at vi framleis vil gi tenester som er gode nok, og som tilfredsstiller dei krava som ligg i lov og regelverk.

Legevakta i Eikelandsosen
Eg som kommunedirektør må, for å få budsjettet i balanse, foreslå upopulære tiltak som å legga ned legevaktstasjonen i Eikelandsosen.  

Innbyggarane våre skal framleis få den hjelpa dei treng når ein akutt situasjon oppstår, men dei må reise til Moberg om det ikkje er ein situasjon kor liv står i fare for å gå tapt. Slik er det også i andre kommunar med større avstandar og fysiske barrierar som ein fjord eller eitt fjell, men vi er i ein situasjon kor vi ikkje har råd til å ha to av alt. I dag bruker vi meir enn dobbelt så mykje som vi har i budsjettet til legevakttenestene.

Innsatstrappa
Vi veit, ut frå framskriving av folketalsprognosar både for Bjørnafjorden og landet elles, at vi i åra som kjem må rette meir innsats mot ein aldrande befolkning. Vi blir fleire og fleire eldre, og færre og færre til å ta oss av dei. Dette møter vi i Bjørnafjorden kommune med særleg to verkemiddel – Utvikling av ei heilskapleg innsatstrapp og smart bruk av velferdsteknologi. 

Innsatstrappa handlar i stor grad om førebygging og å legga til rette for at innbyggarane i større grad kan klare seg sjølv – heime. Vi må, kvar og ein av oss, ta større ansvar for våre eigne liv og legga til rette for vår eigen alderdommen. Kanskje kan vi ikkje lenger bu i ein einebustad med to etasjar og tronge trapper. Kanskje er det å flytta i ein bustad over eitt plan eit godt grep å ta. Kanskje er det å flytte inn i eit burettslag eller sameige, kor ein kan hjelp kvarandre og ha eit fellesskap eit godt grep å ta. Samstundes frigjer ein då ein bustad som nye generasjonar kan få glede av, og gjennom det bidra til vekst og tilflytting til lokalsamfunnet.

På toppen av innsatstrappa finn vi heildøgns institusjonsplassar. I dette budsjettet foreslår eg at vi skal gjere om to av buavdelingane ved Luranetunet til bustader lengre ned i trappa. Desse bustadene vil bli sørva av heimetenesta og ikkje av institusjonen som i dag. Denne omlegging vil ta tid, og vi vil i periodar måtte gå med ledig kapasitet undervegs i omstillinga.

Skulestruktur
Bjørnafjorden kommune driv kvar av dei kommunale skulane effektivt om vi samanliknar oss med dei andre kommunane som er i Kostragruppe 9. Men, vi har ein dyr skulestruktur. Difor foreslo PWC at vi skulle sjå på denne, då dei gav oss sine vurderingar av tenestene i kommunen. Dette arbeidet har vi gjort gjennom hausten, og som det er kjent frå rapporten om skulestruktur, så foreslår eg å legge ned tre av dei fem skulane som har vore vurdert. I tillegg til sjølve strukturen, så handlar dette også om å få robuste miljø som gjer at vi kan gje fagleg gode tenester til dei som treng det mest, til dømes til elevar med spesielle behov.

Førebygging
Vi skal levere tenestene våre i tråd med krav i lover og regelverk. Eit område som i mindre grad er regulert er det førebyggande arbeidet. Både i Oppvekst og i Helse og Velferd. Samstundes så veit vi at førebygging ofte sparar oss for store kostnader seinare. Sjølv om vi veit det, så har vi i dette budsjettet måtte gjere kutt i tenester som jobbar med førebygging for å kome i balanse. Vi har redusert stillingar og omfang i til dømes ungdomsteamet, i Familiens hus, hos kommunepsykologane og i Friskliv og meistring.

Brøyting og veglys
God førebygging er det også å ha bare vegar og godt lys om vinteren. Dei siste åra har vi brukt opp mot dobbelt så mykje i vintervedlikehald som det vi har hatt i budsjetta. Slik kan vi ikkje helde på. Difor har vi lagt om rutinane for å redusere kostnadane. Dette tyder at det vil vere færre vegar som blir brøytt like tidleg som tidlegare, at det vil vere meir snø i vegen før vi brøyter og at nokre veger faktisk ikkje blir brøytt om det finst alternative ruter. Vi kuttar også i veglys langs kommunale vegar. Nokre stader vil lysa bli slått heilt av, andre stader vil dei lyse berre korte periodar i døgnet, til dømes før skuletid, slik at elevane kjem seg trygt fram. I tillegg har kommunen betalt for veglys på ein del private vegar tidlegare. Dette blir det no slutt på. Ansvaret for desse vil vi overføre til private veglag.

Investeringar
Dette er ikkje tida for dei store investeringane for kommunen. Vi må sjølvsagt fullføra det vi har starta på, men nye større investeringsprosjekt vil eg ikkje tilrå at vi startar på no. Det har vi rett og slett ikkje råd til. No handlar det om å få ei berekraftig drift med inntekter som er større enn utgiftene våre. Når vi har fått det på plass, kan vi igjen – med forsiktige auge – sjå på om det er områder vi treng/skal gjere nye investeringar. 

Sjølv om vi held tilbake på investeringane, så stopper vi ikkje heilt opp. På vatn og avlaupsområdet set vi av til saman 60 millionar i oppgradering av eksisterande leidningsnett. I tillegg kjem det 20 millionar kroner til VA-anlegg langs den nye fylkesvegen mellom Åsen og Helleskaret. Dette gjer vi rett og slett for å vere i stand til å ta i mot den veksten vi håper og trur kjem i dei kommande åra.

Mindre bruk av leigde lokalar
Eg har også satt av 3 millionar kroner til opprusting av kommunetunet i Eikelandsosen slik at vi blir i stand til å flytte fleire kommunale tenester inn i kommunetunet og slik at vi kan si opp eller framleige lokale vi i dag leiger. På det området har det vore gjort eit stort arbeid det siste året og det kjem til å halde fram i åra som kjem. Eigedomsforvaltaren vår har fått eit klart oppdrag om å vere streng når tenestene kjem med nye ønskjer om lokalar.

Vi skal klare det!
Eg trur på at vi skal klare det! Vi må oppretthalde god motivasjon og energi i organisasjonen samstundes som vi har fokus på å gjennomføre omstillingsprosessar og nedbemanninga. Vi har over 2,3 milliardar kroner i omsetning. Det tyder på at vi gjennom denne prosessen tar ned  tilsaman om lag 10% av driftsmidlane våre. Dette er sjølvsagt mykje, men framleis er det 90% igjen til å drive eit tenestetilbod til innbyggarane. Eg er sikker på at når vi har fått justert drifta vil innbyggarane oppleve gode tenester frå ein offensiv kommune med evne og vilje til nyskaping.

Christian. F. Fotland
Kommunedirektør


Viewing all articles
Browse latest Browse all 11350

Trending Articles


Nissepar fra Arne Hasle


GAMLE PJOLTERGLASS - 15 cm. - HADELAND -


Gjøglere på terrassen


Av: Jotun LADY


DrugExpert Cup V Multi 6 narkotikatest 1 stk


Eiendommer solgt i juli


En hustavle av Arnulf Øverland - Denor keramikk


Lurer dama til å svelge sæd


Fartssperre polaris ranger 570 eps


Ledig rom i tomannskollektiv! (30.07.15)