
Eit av norges beste liveband er klar for Tysnesfest.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Tysnesfest-publikummet kan gle seg til eit av Norges råaste live-show, for no er det klart at D.D.E. kjem til sommaren 2024.
Energibuntane frå Trøndelag har ein katalog av kjente og kjære hit-låter som mange kan misunne dei. 30 år på turne er eit synleg prov på akkurat det. Og fansen veit å sette pris på D.D.E. live, få band klarar å trekke så mange publikum gjennom heile året som D..D.E.
– Me er så glad for å sikre oss D.D.E. til neste års festival. Dette er eit band som har fulgt oss lenge, og me veit at Tysnesfest-publikummet elskar dei. Når du bookar D.D.E. så kan du garantere ein utruleg bra konsert med allsang-garanti, seier Øystein Vaage.