Skatt vest advarer mot steinleggere som oppsøker deg på døren og vil selge tjenester.
I fjor blei Vestlandet oppsøkt av fleire gjengar med utanlandske steinleggjarar. No er dei tilbake. Dette viser også tips frå publikum. Mange av dei har organisasjonsnummer, bankkonto og er tilsynelatande seriøse.
– Erfaringar fra tidlegare år viser at dei omreisande irske og britiske stein- og asfaltleggjarane jobbar svart og betalar ikkje moms, arbeidsgivaravgift eller skatt, seier Torkel Fure, skattekrimsjef i Skatt vest.
Vi ser at denne typen kriminalitet også fører med seg anna kriminalitet i regionen vår, som kvitvasking, trygdesvindel, vald og sosial dumping, seier Fure.
Ikkje ta risikoen
Du tar ein stor risiko om du kjøper tenester frå steinleggjarane. Kjøper du svarte tenester, mister du klageretten viss du meiner jobben er for dårleg gjort. Det gjer det også vanskelegare for seriøse aktørar å overleve i konkurranse med dei som driv svart verksemd. Ver merksam på at du kan bli medansvarleg for skatteunndraging viss du betalar beløp på over 10 000 kroner kontant.
Ver føre var
Skatteetaten oppmodar om at du ber om faktura og at du betalar alle handverkarar via bank for å redusere kontantomsetjinga og å gjere det vanskelegare for dei som driv svart. Få inn fleire tilbod og samanlikn anbodstenestene dei seriøse aktørane bruker. Du bør også sjekke på http://www.handlehvitt.no om firmaet står i momsregisteret, men oppføring her er ingen garanti for at dei gjer opp for seg.
Samarbeid
Skatt vest jobbar tett med politiet og Arbeidstilsynet for å kontrollere denne gruppa. I fjor blei det gjennomført ei rekke aksjonar mot steinleggjarar og huseigarar i heile regionen.
– Aksjonar i Bergen avdekka nyleg arbeidsmiljøkriminalitet i form av blant anna ulovlege tilsettingsforhold, dårleg lønn, manglande sikkerheit og grov utnytting av svakarestilte arbeidstakarar, seier Borghild Lekve, regiondirektør i Arbeidstilsynet Vestlandet.
Etatane ønskjer tips frå forbrukarar som observerer slike grupper i nærområdet sitt.
