Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11286

Ulovlig fiske i sjø

$
0
0

Images-Bilder FMHO-Klima og miljø-Fiskeforvaltning-Ulovleg fiske-006klippetHordaland topper landsstatestikken for inndraging av ulovlige garn i sjø så langt i år.

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

Statens naturoppsyn (SNO) har eit stort fokus på lakseoppsyn i sjø, og har til no plukka opp 19 garn. Det er urovekkande mange så tidleg i sesongen.

I tillegg til SNO, driv både Kystvakta og politiet med oppsyn og kontrollverksemd på sjø.

«Situasjonen for laks og sjøaurebestandar i fylket er mange stader kritisk. Mange av vassdraga er stengt for fiske, og som einaste fylke i landet har vi ikkje opna for sjølaksefiske i ordinær sesong», skriver Fylkesmannen i Hordaland.

Garnfiske

Det er ikkje lov å fiske etter laksefisk med garn, og ein må setje garna på ein slik måte at dei ikkje fangar laks eller sjøaure. Av omsyn til laksefisk er det er difor òg reglar for garnfiske etter marine artar som torsk mm. Skulle ein likevel få laksefisk på garnet, må dei settast ut att i sjøen, daud eller levande.

Ulovleg garn vert inndrege og destruert om eigaren ikkje melder seg. Straffa for ulovleg garnfiske er bøter og inndraging av garna.

Så kva er lov? For det første må garn merkast med namn og adresse. Umerka garn vert teke opp, sjølv om dei er lovleg sett. Fram til 30. september skal alle garn med maskevidde større enn 32 mm senkast slik at heile fangstdelen står minst tre meter under overflata.

I Hardangerfjorden innafor Husnes og Ølve, og Osterfjorden innafor Nordhordlandsbura skal alle garn uansett maskevidde senkast ned 5 meter. I fredningssoner skal garna senkast ned minst 5 meter, men merk at det for nokre fredningssoner gjeld andre reglar. Det er forbod mot å setje garn nærare enn 100 meter frå munninga av eit vassdrag.

Meld frå om ulovlege garn!

Meld frå om ulovlege garn til SNO, du kan òg melde frå på nettsida www.ulovligegarn.no. Ulovleg garnfiske vert straffa med bøter, og inndraging av garn.

Fiske med stang

Det er ikkje berre garnfiske som er regulert, òg for fiske med stang og handsnøre er det spesielle reglar ein må kjenne til. I frednings – og munningssoner er det berre lov å fiske i den tida vassdraget som renn ut i frednings-/munningssona er ope for fiske etter sjøaure. Kart over fredningssonene i fylket finn du på Fylkesmannen i Hordaland sine nettsider.

I Hardangerfjorden innanfor Bleiknes ved Husnes og Ystadnes ved Ølve, er det i tillegg innført eit forbod mot alt fiske etter laks og sjøaure i fjorden, både frå båt og land, i perioden 1. mars – 30. april. Årsaka er dei svake bestandane av laksefisk i denne regionen.



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11286