Men det kommer også en musikalsk «onkel» med band.
Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs.com)
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Både Åge Aleksandersen og sambandet og OnklP & De Fjerne Slektningene blei måndag presentert som artistar til Tysnesfest i 2015.
- Få artistar har vore meir ønska til Tysnesfest gjennom alle år, og endeleg fekk me ein dato som passa for begge partar, skriver Tysnesfest på sine nettsider.
- Åge treng ingen ytterlegare presentasjon. Me registrerar at Åges posisjon i Noreg er unik, og har kanskje aldri vore større. Til Tysnesfes tek Åge Aleksandersen med seg Sambandet, som truleg er eit av Noregs beste band.
Trønderrockens gudfar er no ute med eit nytt studioalbum, «Sukker Og Salt», som har fått ein femmar i Dagbladet! I tillegg blir «Levva Livet»-albumet gjeve ut i remastra utgave i forbindelse med at det er 30 år sidan plata fyrst vart utgjeven. Platen vart det mest selde albumet i historia i Norge, med over 260.000 solgte eksemplar, og låg på VG-lista i heile 37 veke!
OnklP & De Fjerne Slektningene
Då OnklP & De Fjerne Slektningene slapp singelen ”Styggen på ryggen” var overskrifta i VG ” Sterk situasjonsrapport fra en rappers personlige helvete”. Etter at låta hadde verdspremiere i radioprogrammet «Christine» på NRK P3 vart den streama så mange gonger på Spotify og Wimp at Telenors kabelnett gjekk varmt og haldt på å bryta saman.
OnklP & De Fjerne Slektningene og Styggen På Ryggen kan no definerast som eit historisk fenomen i norsk musikk. Låten er no streama vanvittige 4 millioner gongar berre på Spotify, og røyken har knapt lagt seg. Hos plateselskapet Universal seier dei at dei ikkje har opplevd makan til respons på ein låt på 10 år!
Sidan ideen om «Slekta» oppstod i ein røykfull nightliner mellom Zurich og København, har ein sett ei utvikling på eit band som truleg er utan sidestykke i norsk musikkhistorie. Dei har gjeve ut 2 plater på 1 år og begge har vorte skamrost av kritikarane. Mange meiner at OnklP og slekta er noko av det mest spennande som er produsert av rock i Noreg på fleire år. Dei leverar konsertar der publikum går fullstendig av skaftet, og har gjeve oss ein låt som treff ei nerve hos absolutt alle! For første gong nynner mora di på ei raplåt, den går på repeat i kantina på Oslo Børs og ungane i barnehagene hylar «Styggen på Ryggen» uten å skjønna kva den eigentleg handlar om.
- OnklP og Slekta vil prega heile den norske vinteren, både på TV og radio og til sommeren vil dei vera den soleklart største norske headlineren på norske festivaler. Me i Tysnesfest er stolte av at dei kjem til Tysnesfest!
