Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11361

Os Musikkforening inviterer til «Før NM-konsert»

$
0
0

unnamedSom en generalprøve til NM for janitsjarkorps, inviterer Os Musikkforening til konsert i Oseanasalen. Gjestekorps kommer og.

NM for janitsjarkorps, som kvart år vert arrangert i Trondheim, er det største korpsarrangementet i landet. Her møtest vaksenkorps frå heile landet. Dette skjer årleg i helga før palmehelga, som altså i år vert 20 – 21. mars. Det er faktisk heile 121 korps som drar til bartebyen for å spele og høyre på kvarandre.

Som ein generalprøve til dette, inviterer Os Musikkforening til konsert i Oseanasalen førstkomande onsdag kveld. I år får vi besøk av gode musikkvener i Fana Musikklag, Skjold Nesttun Janitsjar  og  Alvøens Musikkforening. No har alle øvt godt i mange veker på sine respektive musikkstykke, og dette blir siste konserten for korpsa før alle reiser til Trondheim berre få dagar etter!

Det vert tevla i åtte divisjonar. Fana Musikklag stiller i 5. divisjon med dirigent Bjarte Riseng. Både Skjold Nesttun Janitsjar og Alvøens Musikkforening stiller i 1. divisjon, og sanneleg har dei ikkje den same dirigenten også, Bengt Florvåg. Os Musikkforening deltek i 3. divisjon med vår faste dirigent Per-Lorentz Milotzki. Vi gler oss stort til å høyra spennande korpsmusikk frå gjestene våre på onsdagskvelden, og så gler vi oss kanskje like mykje til ei spennande helg i Trondheim!

Kom og høyr, det vert ein flott konsert!
Velkommen!

Arrangør: Os Musikkforening
Konsertdato: Onsdag 18. mars
Tid Kl.1900
Billettpris: Vaksne kr. 150,-  Skulekorpsmusikantar gratis

Billettar vert berre å få kjøpt i døra. Hugs kontantar.



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11361