I juni fyller han 75 år. I juli spiller han på Tysnesfest.
Kraftbomba Tom Jones kjem til Tysnesfest fredag 10.juli.
Tom Jones blandar stilarter som rock, pop, disco og country når han skal laga hits. Den kraftfulle stemma hans knuser glas, og sjarmen er uimotståeleg når denne mannen held konsert.
Gled deg til å oppleva ei av verdens fremre stemmer, «live» på scena under Tysnesfest 2015! Konserten blir waliserens einaste framføring i Norge i år, melder Tysnesfest.
Tom Jones har seldt 100 million plater, hatt 36 Topp 40-hits i England og 19 stykk i USA. «It’s Not Unusual», «She’s a Lady», «Green, Green Grass of Home», «Kiss», «Dealilah», «Sex Bomb» – lista over Jones’ eviggrøne hits er lang. Låtane har også teppebomba amerikanske filmar dei siste 50 åra.
Hans innsats for populærmusikken har også gjort at han i 2006 vart slått til riddar av Dronning Elizabeth II. Sir Tom Jones er med andre ord medlem av ein nokså eksklusiv klubb som også tel andre storleikar som Paul McCartney, Mick Jagger og Elton John.
Hans karakteristiske røyst og trong til det dramatiske har resultert i at denne evigunge songaren er ein av klodens mest imiterte artistar ved sida av Elvis Presley.
Dei siste åra har Jones gjeve ut både eige materiale og tolka andre sitt. «Spirit in the Room» som kom i 2012 inneheld mellom anna låtar av Leonard Cohen, Paul Simon og Tom Waits. «Wales’ store son starta ei ny karriere som ein viktig formidlar av andre sine songar- ikkje som svisker, men som potente songar som får eit nytt og annleis liv», skreiv Dagbladets Øyvind Rønning i sin omtale av albumet.
Sir Tom Jones fyller 75 år 7. juni, men han viser ingen teikn til å gå tom for material til nye hits.
10 juli kjem han altså til Tysnesfest.
