Regjeringa vil i statsbudsjettet for 2016 auka vekstkommunetilskotet.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
– I 2015 hadde vi eit veksttilskott på 11,9 millionar kroner. No ligg vi på omtrent same nivå også i 2016 med 10,9 mill kr. Nedgangen på ein million skuldast noko lågare folkevekst i Os i 2014 enn tidlegare år, seier ordførar Terje Søviknes (FrP) i ein pressemelding.
Leiar i Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, Helge Andrè Njåstad (FrP) opplyser at regjeringa i sitt framlegg til statsbudsjett for 2016 reduserer terskelen for å koma med i ordninga frå 1,6% vekst gjennom dei siste 3 år til 1,5% vekst. I Hordaland betyr dette at Fitjar, Austevoll og Lindås, som i 2015 ikkje fekk vekstkommunetilskot, no er inne på lista.
– Regjeringa sitt framlegg er godt nytt for Os kommune og våre innbyggjarar som skal ha gode tenester. FrP/H-regjeringa ser at vekstkommunane har særskilde utfordringar, og eg er veldig glad for at regjeringa leverer i form av dette verdfulle tilskotet, kommenterer varaordførar Marie Bruarøy (H).
Helge Andre Njåstad opplyser at vekstkommunane var ei gruppe kommunar med stort investeringsbehov pga tilflytting som ikkje kom godt ut med raudgrøn kommuneøkonomipolitikk.
– Difor styrka vi denne posten for i år frå 60 millionar under dei raud-grøne til nesten 400 mill. Til neste år vil regjeringa foreslå å senke terskelen for å bli definert som vekstkommune ytterlegare. Det gjer vi for å setja kommunane i stand til å handtera den store veksten som krev investeringar i sosial infrastruktur som barnehagar, skular og eldreomsorg.
– Vi kjempa hardt for å få på plass eit auka vekstkommunetilskot då vi fekk ny regjering etter Stortingsvalet i 2013, og FrP/H-regjeringa har verkeleg levert. Os kommune får med sine 10,9 mill kr i 2016 nest mest av alle vekstkommunane i Hordaland, avsluttar ordførar Søviknes.
