Laurdag 5. september vert det konsertar både for store og små på Oseana.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Lørdag 5. september klokken 13.00 er det igjen klart for musikk-teater for dei minste med Tubabaluba.
– Sist sesong var Tubabaluba på Oseana med si Karius og Baktus- framsyning. Laurdag viser dei framsyninga «Tubabaluba med Askeladden», seier Janne Mari Hjelle i Oseana i ein pressemelding.
Vi får bli med Per, Pål og Espen Askeladd på si vandring mot slottet, med vakker musikk og spennende opplevingar. Målet er å vinna prinsessa sitt hjarte, men klarar dei det? På vegen møter dei kjende figurar frå andre norske folkeeventyr.
– Dette er ein herleg og annleis »eventyr-minimusikal» med varme, humor, litt spenning og flott musikk, som passar born frå 3 år og oppover. På scena møter vi Ramona Sulen, Elisabeth Vannebo og Tarjei Vatne.
Les også: DOBBELTÅPNING I OSEANA (utstillinger)
Tenorar
Seinare på laurdagskvelden kan du få med deg Tenorane og Steffen Horn, nærare bestemt kl. 19.00 i Griegsamlingen!
– Her møter du tre klassisk skulerte songarar som leikar seg gjennom ulike musikalske sjangrar med sjarm, humor og alvor. Med seg har dei den prisvinnande pianisten Steffen Horn. Saman gjev dei deg Neapolitanske svisker, svenske klassiske perler, songar av Beatles, Roy Orbison, folkeviser, operettar, operaariar og ei spesiell helsing til Jussi Björling – alt framført på klingande nynorsk!
“Tenorar i storform”, skreiv avisa Kvinnheringen etter før-premieren i Baroniet Rosendal, og lovpriste variasjonen som journalisten meinte tok publikum inn i hele registeret av kjensler.
På scena møter du tenorane Ola Marius Ryan, Henrik Hundsnes, Aasmund Kaldestad og Steffen Horn på piano, ukulele (!) og song.
