Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11379

Nyttårshelsing frå den nye ordføraren

$
0
0

Det blei ein spesiell avslutning på 2016 for Marie Bruarøy, som gjekk frå å væra varaordførar til å bli ordførar.


Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

– Kjære osingar!

2016 har vore atter eit innhaldsrikt og spennande år for Os kommune. For underteikna blei det ekstra spesielt då Terje Søviknes blei utnemnd til statsråd for Olje- og energidepartementet like før jul, og det blei klart at eg skulle ta over som ordførar. Eg er audmjuk, spent, og særs motivert for oppgåva. Eg gler meg til å fortsetta det gode samarbeidet på tvers av politiske parti, med administrasjonen og med dei tillitsvalde i 2017.

Vi bygger vidare
Kommuneøkonomien har over fleire år vore sunn og stabil, og det gir oss rom for å utvikla kommunen vidare og til å heva kvaliteten på tenestene våre endå meir.

Det er stor aktivitet i bygda vår. Ny E39 Os-Bergen er i full sving, og Lyseparken tar form. Liv på Øyro-prosjektet har mellom anna gitt nytt steindekke på Osøyro, og skal fullførast med baldakinar og bymøblar på vårparten. Vi ser nye Luranetunet reisa seg. Rett før jul heldt vi kranselag, ei markering av tett hus, med dei som jobbar med prosjektet. Vi gler oss til å opna det nye omsorgssenteret om eit lite år. Snart startar grunnarbeidet på Kuventræ før bygginga av ny, dobbel idrettshall.

Vi er framleis blant dei kommunane i landet som veks raskast. I haust passerte vi 20.000 innbyggjarar, og dette skal vi markera. I eit samarbeid mellom kommunen og lokalt næringsliv, gjer vi stas på innbyggjar nummer 20.000 i kommunestyremøtet den 12. januar.


Vi legg hovuda saman

I starten av året tilsette vi ny rådmann. Christian Fotland var eit friskt pust inn i administrasjonen der han raskt fann seg til rette. Eg vil nytta høvet til å takka rådmannen, administrasjonen og alle tilsette i Os kommune for arbeidet kvar og ein har lagt ned til det beste for innbyggjarane i bygda vår. Eg er stolt av å få vera ordførar for ein kommune med så mange dyktige medarbeidarar.

I juni gjorde kommunestyra i Os kommune og Fusa kommune historiske vedtak om at dei to kommunane våre skal vera éin frå 2020. Det ligg hardt arbeid framfor mange av oss dei komande åra når to organisasjonar skal smelta saman, men eg er sikker på at vi kjem til å lukkast i lag.


Vi skapar historie

Til slutt vil eg gratulera alle med heideren av oselvaren etter Oselvarverkstaden sitt mangeårige arbeid med å få byggeskikken bak nasjonalbåten vår anerkjent internasjonalt. Vi kan vera stolte av at UNESCO vernar tradisjonen vår som immateriell kulturarv. Tusen takk til alle som gjennom generasjonar har halde oselvaren og historia hans i hevd.

Eg håpar mange av dykk vil vera med å feira alt vi har fått til i 2016 og alt vi skal få til i 2017 i Os hamn første nyttårsdag klokka 20.00 når det brakar laus med felles fyrverkeri.

Med dette ønsker eg dykk alle eit riktig godt nyttår!

Beste helsing Marie Bruarøy fungerande ordførar


Viewing all articles
Browse latest Browse all 11379