Clik here to view.

37 smittetilfelle sidan fredag. Kommunal kriseleing møtest i ettermiddag.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
Ti personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i går, tysdag 17. august.
– Kommunal kriseleiing (KKL) møtest i ettermiddag for å diskutere aktuelle tiltak på grunn av dei høge smittetala den siste tida, melder Bjørnafjorden kommune.
- Tre barn i barneskulealder. To smitta i utlandet, eitt i husstanden. Ingen av barna har vore på skulen.
- Ungdomsskuleelev. Kjend smitteveg. Har ikkje vore på skulen.
- To elevar ved vidaregåande skule. Éin fekk påvist smitte ved hurtigtest på skulen i går, éin er smitta i husstanden og har ikkje vore på skulen. Smittevegen er kjend.
- Mann i 40-åra. Smitta i utlandet.
- Mann i 40-åra. Smitta i husstanden.
- Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg.
- Kvinne i 20-åra. Ukjend smitteveg.