
– Vi kjem til å gi både Pfizer- og Moderna-vaksine i Bjørnafjorden framover.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
«Alle» over 18 år i Bjørnafjorden har no fått første koronavaksinedose.I desse dagar får Noreg store mengder ekstra vaksinedosar frå Moderna, gjennom EU-samarbeidet. Dette gjer at kommunen kan nå målet om å fullvaksinere alle over 18 år tidlegare enn først planlagt.
Allereie denne veka vil mange få SMS med beskjed om at time til andre dose er framskunda.
– Alle som ønskjer det, har fått første dose og er innrullerte i vaksinasjonsprogrammet. Dersom du av ein eller annan grunn ikkje har tatt første dose, men ønskjer det, er du hjarteleg velkommen innom vaksinasjonsstasjonane i Oshallen (onsdagar og fredagar), eller Eikelandsosen (onsdagar) klokka 8.30-12 og 13-14.30. Du treng ikkje bestille time på førehand, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.
Les også: Tilbyr koronavaksine til 16- og 17-åringar
Moderna-vaksine som andre dose
Frå og med veke 34 vil Bjørnafjorden kommune begynne å motta, og deretter gi, Moderna sin koronavaksine i Bjørnafjorden kommune. Leveransen kjem i tillegg til Pfizer-vaksinen, som så langt har vore den vi har brukt i massevaksinasjon i kommunen vår.
– Moderna-vaksinen er same type som Pfizer-vaksinen, ein såkalla mRNA-vaksine. Difor kan du fint ta Moderna som andre dose, sjølv om du har fått Pfizer som første dose. Med desse ekstra vaksinedosane, kan vi framskunde dose to med fleire veker og fullvaksinere bjørnafjordingane langt tidlegare enn forventa, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.
Her kan du lese meir om Moderna-vaksinen
Her kan du lese meir om Pfizer-vaksinen
– Du kan ikkje velje vaksine
– Vi kjem til å gi både Pfizer- og Moderna-vaksine i Bjørnafjorden framover. Du kan ikkje velje kva for ein av desse du skal få, men du kan sjølvsagt få vite kva som står på menyen når du skal ta vaksinen, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.
Beskyttar like godt
Studiar viser at Moderna og Pfizer-vaksinen beskyttar like godt mot smitte når du er fullvaksinert (94-95 prosent). Dersom du skulle bli smitta, vil vaksinen beskytte mot utvikling av alvorleg koronasjukdom.
Same biverknader
Biverknadene etter vaksinasjon er òg dei same for begge vaksinane. I følgje Helsenorge vil dei fleste som opplever ubehagelege biverknader, få desse dei første dagane etter vaksinasjon. Dei vanlegaste er smerter og heving på stikkstaden, trøyttheit, hovudpine, frysningar, kvalme/brekningar, feber og muskel- og leddsmerter. Alvorlege biverknader av vaksinane er sjeldne.