Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11274

Kjempeoveskudd i Os kommune

$
0
0

Regnskapet i Os kommune viser et overskudd på over 34 millioner kroner.

Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs.com)

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Rekneskapen for Os kommune syner eit overskot på heile 34,3 mill kroner (udisponert mindreforbruk), melder ordfører Terje Søviknes i en pressemelding..

Netto driftsresultat er på heile 6,0%, dvs. godt over måltallet for ein sunn kommuneøkonomi på 3%.

- Det gode resultatet i 2013 skuldast i hovudsak tre element, seier ein nøgd Os-ordførar Terje Søviknes (FrP). Skatteinngangen var god gjennom heile 2013. Det same var avkastninga på finansporteføljen til Os kommune. Her fekk kommunen ei avkastning på 12,4%, tilsvarande 22,3 mill kr. Det tredje elementet er stram økonomistyring og effektivisering i den kommunale organisasjonen.

- Det er derfor god grunn til å retta ein stor takk til dei tilsette i kommunen, som både står for viktig utviklingsarbeid og løpande tenesteproduksjon i ein hektisk kvardag, seier Søviknes.

- I tillegg må vi presisera at vesentlege delar av overskottet skuldast eingongsinntekter som vi ikkje kan budsjettera med kvart år. Solid avkastning på finansporteføljen etter Oskraft og BKK-salet rundt årtusenskiftet er eksempel på dette, oppsummerer Søviknes.

Kommunestyret i Os vil seinare i vår komma attende til disponering av overskotet for 2013.



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11274