Til helgen inviterer Oseana til en stemningsfull matinékonsert i Griegsamlingen.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
«Søndag 23. februar blir det matinékonsert i Griegsamlingen med pianist Ingfrid Breie Nyhus. Framsyninga har ho kalla ”Gjenfortellinger: Villarkorn-improvisasjoner”, og vi ønskjer med denne tittelen velkomen til ein stemningsfull oppdagingsreise i norsk musikk og klaverets overtonerike klangverden», melder Oseana i ein pressemelding.
‘Villarkorn’ er ein rekkje korte satsar for piano skrive av komponisten Olav Kielland i 1950, satsane bygger på slåtte- og stevtonar frå Telemark. Kielland fann inspirasjon i mytiske figurar som hulder og draug, i magiske krefter og det draumeaktige – som er omtala i mange av folkevisene våre. Han lot desse ideane gje liv til ein fantasifull og klangleg klavermusikk i ‘Villarkorn’.
Ingfrid Breie Nyhus er vokse opp i ein folkemusikkfamilie med polsrytmar og hardingfeleslåttar rundt seg. Ho valde sjølv pianoet som instrument, studerte klassisk klaver i Noreg, Tyskland og Finland, og har vunne ei rekkje prisar og utmerkingar som pianist. De siste åra har ho leita tilbake til sine folkemusikalske røter, og søkjer ulike måtar å kombinere dei med flygelet sine klangmogelegheiter og kunstmusikkens kreativitet. Ho blei nominert til Spelemannprisen med CD’en ‘Griegslåttene’, der ho tar hardingfela si stildrakt, ornament og rytmar inn i Griegs klaververk ‘Slåtter’. Denne gongen er det ‘Villarkorn’ Ingfrid Breie Nyhus fortolkar og bearbeider, med improvisasjonar over materialet. Ho gjenfortel verket slik man gjenfortel eit eventyr, med sine eigne klangar, og nærverande og ope for endringar i situasjonane som oppstår på kvar konsert.
Gjenfortellingane er ei oppdagingsreise i norsk musikk og flygelets overtonerike verden, via det draumeaktige, det magiske, det meditative og det suggererande.
