
Ordfører Trine Lindborg delte ut to kulturstipend under markedet Sommergata i Os sentrum lørdag ettermiddag.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
Bjørnafjorden kommune sitt kulturstipend for ungdom 2021 er tildelt Håvard Grøndal Skåtun (låtskriver og musiker) og Thomas Hjertaker (obo).
De er altså begge musikere, men på vidt forskjellige områder. fellesnevneren for de to er at de er ambisiøse og hardtarbeidende.
Ordfører Trine Lindborg delte ut stipendene på 20 000 kroner hver til de to musikerne under UKM sitt arrangement (Ung kultur møtes) i Os sentrum lørdag ettermiddag..
«I år fekk vi 14 søknadar frå mange gode kandidatar. Dette syner at vi har eit stort mangfald og mange unge talent i Bjørnafjorden. Det lovar godt for framtida», melder Bjørnafjorden kommune.
Håvard Grøndal Skåtun (26)
Låtskrivar og musikar
Håvard er ein hardtarbeidande musikar med store ambisjonar og planar for dei komande åra.
Allereie i 2014 spela han inn EP-en «Living out loud» i Nashville, og året etter var han tilbake for å fullføre albumet «Flying in the free».
2020 var eit utfordrande år, men Håvard har brukt tida godt. Via Skype har han mellom anna skrive låtar saman med låtskrivarar frå Nashville, og brukt mykje tid i studio for å spele inn musikken. No er opptaka ferdige, og skal ferdigstillast med miksing og mastering.
Håvard har ikkje eit stort apparat med plateselskap og artistbyrå i ryggen, så stipendet skal brukast til å ferdigstille innspelinga, til promotering og til å formidle musikken til eit større publikum – kort sagt til å utvikla seg som artist!
Thomas Hjertaker (19)
Trass i sin unge alder, har Thomas allereie markert seg som eit stort obo-talent – også nasjonalt.
Thomas har nyleg avslutta vidaregåande skule på musikklinja på Langhaugen vidaregåande skule. Parallelt har han hatt solokonsertar og spela i Os musikkforening, Os skulekorps, Bergen ungdomssymfoniorkester og vore elev på Barrat-Dues unge talentprogram.
I vinter prøvespela han ved høgskular og konservatorium i heile Norden (rykta fortel at han fekk tilbod om plass ved samtlege skular). Thomas har vald å studere ved Barrat-Due Musikkinstitutt under den anerkjende oboisten David Strunck. Han har store ambisjonar om ein profesjonell karriere som oboist, og ønskjer å bruke stipendet til å investere i nytt instrument.